No i det
siste har vi hatt om Gustav Vigeland. Han er ein verdens kjent bilethoggar og treskjerar
og lagar skulpturar av bronse og granitt. Det han er mest kjend for er Vigelandsanlegget i Frognerparken i Oslo, her har han over 200 skulpturar. No
skal eg snakke om ein av skulpturane.
Sinnataggen
regnes som Gustav Vigelands mest kjende skulptur og er ein av parkens største
attraksjonar. Den viser ein sint gut med armane ut frå kroppen og ein løfta fot
for å trampe i bakken. Den er plassert langs granittbrua i Frogneparken, saman
med 58 ulike skulpturar. Her er det varierte skulpturar av barn, kvinner og
menn i ulike alder. Nokon står åleine, og andre i grupper. Sinnataggen blei modellert
i 1928 og er 53 cm høg.
Eg valte
å skrive om Sinnataggen fordi eg synst det er ein artig skulptur og eg har
høyrt om den mykje før. Kvifor akkurat denne skulpturen er blitt veldig kjent
er det ingen som veit heilt sikkert. Men eg tenkjer at det har kanskje med at
folk kjennar seg kanskje igjen med sinte og sure ungar i kvardagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar