mandag 2. mai 2016

Duodji

Hei!
No i det siste har vi hatt om Duodji på skulen. Dette er ein gammal tradisjon som den samiske befolkningen fortsatt holder i gang. I dette innlegget skal eg skrive litt meir om dette formuttrykket og skal sei noko kva materialer dei brukar o.s.v. 

Samens kunst
Duodji er eit design. Dette designet er veldig kreativt med mykje dekor. Dei tar vare på det gamle, og presenterer det på ein ny og flott måte. Duodji betyr samisk håndverk" og det er ein virksomheit for å produsere klær, redskaper, framkostmidler, husholdningsutstyr og smykker. Menneske som lagar duodji kaller vi ein duojar.

Materiale og gjenstander
Samane brukar naturlige matrialer når dei lager dette, og dei utnyttar alle delane frå nærmiljøet. Vanlige rådvarer er skinn frå elg og sau, ull, selhud, bein og horn. Innanfor duodji lager dei mange gjenstander: båter, sleder, ski, pulker, kopper, kniver skjeer o.s.v.

Inspirasjon
Samene har henta inspirasjonen til mønster og dekor frå sin eigen mytologi og frå nordisk kunst


Duodji har både kulturell, økonomisk og kunstnerisk verdi for dei samane som fortsatt driver med denne virksomheita. Den bidrar til å opprettholde samisk tradisjon og eigenart i eit moderne industrialisert samfunn.

   

tirsdag 23. februar 2016

Nikolai Astrup


Hei! :-)

Sist veke var klassen min på tur til Bergen der vi blant anna besøkte kode 4. Her fekk vi omvisning for å sjå på kunstverka til Nikolai Astrup. Han har måla mange flott maleri som gjer oss ein spesiell opplevelse. Eg har valgt å fortelle om eit av kunstverka som ga meg ein spesiell følelse. Det er maleriet nedanfor som heiter Vårnatt i hagen.
Vårnatt i hagen

På dette bilete kan du så to mennesker som ser ned i bakkken mens dei sår nokre frø e.l. Eg likar plasseringa av dei fordi slik føler eg at omgivalsane i området rundt kjem bedre fram og månen som tittar fram bak dei snødekka fjella synst eg gjer meir munter stemning. Dette bilete kan også vere eit symbol på livets sirkel, noko vi snakka om under omvisninga. Det startar med når dei sår frøna som kan vere begynnelsen av livet, når treet blomstar kan vere eit symbol på utviklinga i livet og til slutt dei snødekka fjella kan vere slutten på livet.  Eg likar også godt fargane i bilete, dei er mjuke og skaffar likevel ikkje så mykje oppmerksomheit.



tirsdag 19. januar 2016

Den italienske designaren Corradino DÀscanio var oppfinnaren av Vespa scooteren. Han var ein flyingeniør og sammen med Enrico Piaggo produserte dei scooteren. Produksjonen av den starta i 1946 og foregår fortsatt. Nedanfor ser du bilde av ein av mange av scooterne som blei produsert:


Denne scooteren vart produsert i 1964. Den har eit enkelt design med små hjul som også har eit enkelt design; dei er heilt svart og gjer ikkje så mykje ut av seg. Raudfargen derimot skaffar eit større blikkfang. Denne gjer at folk gjer oppmerksomhet til kjøretøyet, og av denne grunnen trur eg at den er blitt meir "populær." Setet gjer det meir behagelig å sitte på og ein blir komfortabel med scooteren. Den har god plass til beina og lykta frampå gjer eit meir moderne uttrykk.


Grunnen til at desse vart så populære var at mennene og kvinnene kunne kjøre med finkler (dress, kjole) utan å bli skitne.

Grunnen til at eg valde akkurat denne scooteren var at den var enkelt designa og eg likte raudfargen den hadde. Den gav kjøretøyet større effekt. 

onsdag 6. januar 2016

 Nora Gullbrandsen

I kunst og formkultur holder vi på med Norsk og nordisk design i perioden 1918 til 1945. I denne perioden var Nora Gullbrandsen viktig del av norges kunsthistorie og ho er ei av dei mest kjende kunstnarane i Norge. No skal eg fortelle litt om eit av designa hennas og eg har vald å beskrive uttrykket og designet til denne skåla.

På utsida av denne skåla er det mange små spisse trekanter i fargane svart og kvit, og på kanten og inni  skåla er det raude strekar. Designet er inspirert av naturen, for viss du snur den opp ned kan den minne deg om ei sol, eller ein stjernehimmel. Dette gjer oss ein spesiell effekt, for vi tenkjer ofte på natt eller himmel når vi der den.
 Den er også geometrisk, det kan vi sjå på utsida av skåla og på bunnen inni den. Der er det ein sirkel som er delt inn i 8 like trekantar.(Sjå bilde bortanfor.) Skåla har også bruk av fargekontrastene svart og kvit. Eit eksempel på dette er designet utanpå og botnen av den. Dette er med på å skape den litt meir "ryddig."Tanken bak raudfargen på designet, skaper ein spesiell effekt. Den gjer skåla meir moderne og lagar litt meir "liv." Det hadde kanskje blitt litt "enkelt" med bare svart og kvitt.



Funskjonen til skåla er god. Det er ei bra dybde i den slik at det blir plass til mykje oppi den. Skåla kan brukast som eit middagsskål, men den er like fin til bare pynt.  Grunnen til at eg valde akkuratt dette designet av Nora Gullbrandsen var fordi eg likte geometrien den hadde og det var eit bra fargeval av ho. Den er ganske nøytral og gjer ikkje så mykje ut av seg.

tirsdag 24. november 2015

Her kjem mi eiga vurdering av sitteredskaps-prosjektet!

Slik var utgangspunktet mitt for korleis stolen skulle bli. Under prosjektet blei den ikkje heilt som eg hadde tenkt den skulle bli, fargane blei annleis. Eg hadde tenkt at den skulle vere kvit og rosa med fotballmønster, men det gjekk ikkje opp. Så eg valte å gjere slik at to og to farger gjekk opp i kvarandre slik at eg gjorde brudd med det symmetriske, men såg fortsatt at det var ein fotball-stol.
Det var det signaleffekten eg ville ha fram p.g.a. mi interesse av fotball. Foten på stolen hadde eg i utgangspunktet tenkt å hatt av leire, slik av resten av stolen, men valde å bruke tre, slik at eg fekk bruk av fleire materiale. Effekten vart likevel bra og i tillegg vart det brudd med det originale. Inni stolen er det puter av eit slags sjakkmønster som fangar masse oppmerksomheit.
Under ser du korleis det endelege resultatet vart.

tirsdag 17. november 2015

Hei! 

I dette blogginnlegget skal eg fortelle om forskjellen på art nouveau og art deco, ulike mønstre og litt om Mondrians verk.

Art nouveau er ein internasjonal kunstbevegelse som oppstod på slutten av 1800-talet. Denne stilen vart  framheva på verdsutstillinga i Paris i 1900.

Vi kan kjenne igjen stilen med dei organiske formene og dei elegante og bølgjande linjane. Formane blei inspirert av naturen som ein kan sjå på mange av maleria hans, og dei går igjen i både arkitektur og ingeniør. Vi finner ofte kvinner med langt og elegant hår på maleria hans. Art nouveau er ofte kombinert med fleire geometriske figurer, spesielt buer og halvsirklar. Sjå eksemplar nedanfor.



Art Deco er ein arkitektur og designstil frå 1920 åra. Den vart inspirert av egyptisk, aztekisk og kinesisk kunst. Stilen har røter tilbake til art Nouveau, den har elegante linjer, men er samtidig inspirert av futurismen, ekspresjonismen, kubismen og abstrakt kunst. Sjå eksemplar nedanfor.



Denne stilen er eir meir prega av geometriske figurar og produktene er oftast systematiske og rektangulære former. Det er ein dekorativ stil arkitektur, tekstil, tapeter, grafikk og prydgjenstandar og ein populær stil for kino og teater. Mange meinte at denne stilen var eksklusiv, dei meinte at det var ein overklassestil.  







mandag 2. november 2015

No i det siste har vi hatt om Gustav Vigeland. Han er ein verdens kjent bilethoggar og treskjerar og lagar skulpturar av bronse og granitt. Det han er mest kjend for er Vigelandsanlegget i Frognerparken i Oslo, her har han over 200 skulpturar. No skal eg snakke om ein av skulpturane.


Sinnataggen regnes som Gustav Vigelands mest kjende skulptur og er ein av parkens største attraksjonar. Den viser ein sint gut med armane ut frå kroppen og ein løfta fot for å trampe i bakken. Den er plassert langs granittbrua i Frogneparken, saman med 58 ulike skulpturar. Her er det varierte skulpturar av barn, kvinner og menn i ulike alder. Nokon står åleine, og andre i grupper. Sinnataggen blei modellert i 1928 og er 53 cm høg.


Eg valte å skrive om Sinnataggen fordi eg synst det er ein artig skulptur og eg har høyrt om den mykje før. Kvifor akkurat denne skulpturen er blitt veldig kjent er det ingen som veit heilt sikkert. Men eg tenkjer at det har kanskje med at folk kjennar seg kanskje igjen med sinte og sure ungar i kvardagen.