tirsdag 19. januar 2016

Den italienske designaren Corradino DÀscanio var oppfinnaren av Vespa scooteren. Han var ein flyingeniør og sammen med Enrico Piaggo produserte dei scooteren. Produksjonen av den starta i 1946 og foregår fortsatt. Nedanfor ser du bilde av ein av mange av scooterne som blei produsert:


Denne scooteren vart produsert i 1964. Den har eit enkelt design med små hjul som også har eit enkelt design; dei er heilt svart og gjer ikkje så mykje ut av seg. Raudfargen derimot skaffar eit større blikkfang. Denne gjer at folk gjer oppmerksomhet til kjøretøyet, og av denne grunnen trur eg at den er blitt meir "populær." Setet gjer det meir behagelig å sitte på og ein blir komfortabel med scooteren. Den har god plass til beina og lykta frampå gjer eit meir moderne uttrykk.


Grunnen til at desse vart så populære var at mennene og kvinnene kunne kjøre med finkler (dress, kjole) utan å bli skitne.

Grunnen til at eg valde akkurat denne scooteren var at den var enkelt designa og eg likte raudfargen den hadde. Den gav kjøretøyet større effekt. 

onsdag 6. januar 2016

 Nora Gullbrandsen

I kunst og formkultur holder vi på med Norsk og nordisk design i perioden 1918 til 1945. I denne perioden var Nora Gullbrandsen viktig del av norges kunsthistorie og ho er ei av dei mest kjende kunstnarane i Norge. No skal eg fortelle litt om eit av designa hennas og eg har vald å beskrive uttrykket og designet til denne skåla.

På utsida av denne skåla er det mange små spisse trekanter i fargane svart og kvit, og på kanten og inni  skåla er det raude strekar. Designet er inspirert av naturen, for viss du snur den opp ned kan den minne deg om ei sol, eller ein stjernehimmel. Dette gjer oss ein spesiell effekt, for vi tenkjer ofte på natt eller himmel når vi der den.
 Den er også geometrisk, det kan vi sjå på utsida av skåla og på bunnen inni den. Der er det ein sirkel som er delt inn i 8 like trekantar.(Sjå bilde bortanfor.) Skåla har også bruk av fargekontrastene svart og kvit. Eit eksempel på dette er designet utanpå og botnen av den. Dette er med på å skape den litt meir "ryddig."Tanken bak raudfargen på designet, skaper ein spesiell effekt. Den gjer skåla meir moderne og lagar litt meir "liv." Det hadde kanskje blitt litt "enkelt" med bare svart og kvitt.



Funskjonen til skåla er god. Det er ei bra dybde i den slik at det blir plass til mykje oppi den. Skåla kan brukast som eit middagsskål, men den er like fin til bare pynt.  Grunnen til at eg valde akkuratt dette designet av Nora Gullbrandsen var fordi eg likte geometrien den hadde og det var eit bra fargeval av ho. Den er ganske nøytral og gjer ikkje så mykje ut av seg.